Ei verd med fred, fridom, einskap og lukke for alle

Einskapsrørsla har som mål å skapa ei verd med fred, fridom, einskap og lukke for alle. Namnet Einskapsrørsla er eigentleg eit felles namn for mange forskjellige rørsler og prosjekt, byrja eller inspirert av Sun Myung Moon (1920-2012) eller andre som har vorte inspirerte av hans visjon.

Rørsla arbeider for å eina alle gode krefter i verda, slik at vi saman kan skape ei betre verd.

Derfor arbeider me med den religiøse verda, ikkje for å skapa ein ny religion, men for å inspirera religiøse leiarar til å overvinna fordomar og barrierar mellom religionar, rasar, kulturar og nasjonalitetar.

Ein stor global familie under Gud

Me arbeider dessutan mellom anna med SN, den akademiske verda, mediaverda, driv utdanningsinstitusjonar og -prosjekt, opplæringsprogram i moralske/etiske verdiar, hjelpeprosjekt, kunstprosjekt, sportsprosjekt og sjukehus.

På bokmål

Sitat:

Ingenting er dummare enn eit sjølvisk liv der du berre lever for din eigen del. Det kan sjå ut som om eit sjølvisk liv gagnar deg sjølv, men til sjuande og sist vert du øydelagt av det. Individet må leve for familien, familien for nasjonen, nasjonen for verda og verda for Gud.

— Sun Myung Moon

I eit nøtteskal

Namn: Einskapsrørsla

Starta: 1954

Grunnleggjar: Sun Myung Moon og Hak-ja Han

Opphavsland: Sør-Korea

Utbreiing: Dei fleste land i verda med unntak av ein del totalitære statar.

Mål: Ein global familie under Gud, ei verd der det er fred, fridom, kjærleik og tryggleik for alle.

Strategi: Eine alle gode krefter.